Gje slepp på den vante kontrollen


Av Silje Bjørnevoll

Eg er utdanna lektor med opprykk, og har ei bakgrunn frå ulike musikkstudier. Eg har gjennomført utøvande studier som pianist, musikkterapi, Allmennlærarutdanning med musikk og master i musikkpedagogikk. Når eg underviser på barneskule og er kontaktlærar i tillegg har eg ikkje berre musikk, men også fag som norsk, engelsk, kunst og håndverk og tema-fag. 

Musikk har alltid spelt ei stor rolle i livet, der piano, gitar og sang har vore instrument som har hatt stor verdi i arbeidet som musikklærar. Å lære barn og unge i skular ulike instrument er noko eg er særleg interessert i eiga musikkundervisning, og noko eg ser dei har stor glede av. Komponering i undervisninga var nytt for både meg og elevane, men etter fyrste forsøk er dette noko eg vil gjere vidare med same klasse og framtidige klassar.

Skolens navn:

Tertnes skole

Klasse: 6. trinn

Antall elever: 44

Organisering:

Trinnet har totalt 44 elevar, der elevane vert del i to med 22 elevar per gruppe, og har éin time musikk kvar i veka. Musikkrommet er stort og flott, og er godt utstyr med musikkinstrumenter. Eg valde å dele elevane inn i smågrupper, 3-4 elevar per gruppe, og fordelte gruppene på ulike rom i skulebygget.

Forutsetninger:

Elevane hadde ikkje komponert tidlegare. Derfor tok eg utgangspunkt i Veslefrikkmetoden og tips til forarbeid som ligg på musikkfaget.no.

FAGLIG OPPLEGG

FORARBEID

Då me sat i gang med komponeringsprosjektet brukte eg éin musikktime på å snakke fram Veslefrikkprisen og vise tidlegare vinnarklassar for elevane. Me brukte også tid på å reflektere og diskutere kva lyd og musikk handlar om for elevane, der dei sjølve diskuterte og skreiv ned eigne tankar. Etterpå lytta med til to lyttedøme som ligg her på hjemmesida, der me fyrst høyrde på Månelandskap (Sigurd Berge). Eg lot elevane finne eit passande tema til komposisjonen, uten å fortelje kva originaltittelen til komposisjonen var. Det var mange som var innom tema som universet, havet, romvesen og liknande. Etterpå høyrde me på det andre lyttedømet, Scratch (Rolf Wallin), og diskuterte måten å framføre, spele på uvanlige instrument og korleis utøvarane hadde satt saman lydar til ein komposisjon. På slutten av timen eksperimenterte me i fellesskap ved å lage lydar med vinglas, der eg og elevane lagde tonar med fleire glas og sat saman desse lydane på ulike måtar. Som avslutning hadde me ein felles diskusjon om korleis ein kan komponere ved å bruke alternative instrument, og korleis ein kan setje saman ulike type lydar og rytmar til ein komposisjon.

Me starta med å sjå video om Veslefrikkmetoden. Deretter hadde me ein felles samtale om dei ulike punktene i metoden før elevane vart delte inn i grupper og skulle gå i gang med punkt 1.

VESLEFRIKKMETODEN

VALG AV TEMA

Elevane fekk diskutere i grupper og bli einige om kva tema gruppa ville ha. Instrumenta i musikkrommet og andre gjenstandar var tilgjengelige for å hente inspirasjon og idear til kva tema som kunne passe til ulike lydar.

EKSPERIMENTERE

Då temaet var klart fekk elevane velje kva instrument dei ville bruke for å finne passande lydar, tonar og rytmar. Det vart blant anna brukt klokkespel, regnstav, djember, små rytmeinstrument, gitar, vinglas, og nokre elevar hadde med seg blåseinstrument.

SKISSERE FORM

Alle gruppene hadde eigne skrivebøker og fekk i oppgåve å skrive ned instrument dei brukte, sjølve formen på komposisjonen og gjerne tonar eller melodiar dei hadde brukt i komposisjonen. Det var lurt å skrive ned kva som vart gjort i kvar musikktime, for å sørge for at alle i gruppa skulle hugse kva som hadde blitt gjort for gong til gong. Nokre grupper tok også opptak av komposisjonen undervegs på mobil.

KOMPONERE

Punkt 3 og 4 i Veslefrikkmetoden viste seg å gli over kvarandre, der både skissering av form og sjølve komponering eigentleg gjekk parallelt. Under komponeringa snakka eg med dei ulike gruppene om korleis komposisjonen var satt samen med fokus på begynnelse, mellomdel og avslutning. Nokre grupper arbeidde sjølvstendig under heile prosessen, medan andre trengte noko veiledning for å kome vidare i komposisjonen. Å lage ei avslutning på komposisjonen var særleg vanskeleg for mange.

ØVE

Det vart ikkje mykje tid til å øve på grunn av dato for innsending til Veslefrikkprisen. Eit par grupper vart ikkje ferdig med komposisjonen sin, medan flesteparten fekk øve gjennom nokre gongar i løpet av siste musikktimen i komposisjonsprosjektet. Eg brukte til på å lytte til alle gruppene sine komposisjonar for å sikre at dei var klare for opptak.

FREMFØRE

Framføringa av komposisjonane vart gjort i form av opptak som skulle sendast til Veslefrikkprisen. Opptaket vart gjort på Garageband på privat Mac, og det var kun to grupper som måtte gjere fleire enn eitt opptak. Alle elevane var spente og noko nervøse når dei skulle spele inn, men alle gruppene var konsentrerte og tok opptaket på alvor. Alle var opptatt av å få eit best mogleg opptak av eigen komposisjon. Då alle komposisjonane vart sendte inn til Veslefrikkprisen brukte me ein musikktime på å lytte gjennom alle gruppene sine komposisjonar. Det var kjekt for elevane å høyre kva dei andre gruppene hadde komponert, og i tillegg gjette kva tema kvar gruppe hadde valgt til komposisjonane sine.

ERFARINGER OG TIPS TIL ANDRE

Neste gong ønskjer eg å komponere med ei heil gruppe, i mitt tilfelle to grupper med 22 elevar, og lage ein komposisjon saman. Ei nyttig erfaring er også å bruke tid til å skrive logg undervegs for å reflektere over kva ein har gjort i løpet av ein time og tankar elevar gjer seg i løpet av komposisjonsprosessen. Å skrive komposisjonsrapport når ein er ferdig med sjølve komposisjonen var ikkje enkelt sidan elevar gjerne gløymer kva ein har gjort, og gløymer kva opplevingar og kjensler ein har hatt i løpet av prosessen ein er i, i løpet av ein musikktime.

Sidan eg valde å dele elevane i smågrupper vart det travelt og vanskeleg å nå innom alle for å veilede og hjelpe dei som trengte det. Neste gong vil eg prøve å komponere med ei heil gruppe, altså 22 elevar i èi gruppe, i staden for å dele dei opp i smågrupper.

Sjølv om komponering med mange elevar er krevande og til tider kaotisk, sat både eg som lærar og alle elevane igjen med gode opplevingar etter komposisjons-prosjektet. Alle elevane sat stor pris på å få arbeide sjølvstendig og skape ein komposisjon som akkurat dei ønskte skulle vere, utan innblanding av vaksne. Overraskinga for mange elevar som gjerne vegra seg for å setje i gang med å komponere var at dei skjønte at det ikkje krevde nokon musikalske føresetnadar. Alle opplevde å vere skapande og kreative, og fekk ei meistringskjensle når dei sat saman lydar, melodiar og rytmar saman til ein komposisjon.

Når ei gruppe frå klassen kom til finalen var det ekstra stort å ha fått vere med på Veslefrikkprisen, og alle elevane er motiverte for å vere med til neste år.

«Det er gøy når vi får bestemme selv hva vi skal gjøre,
uten at noen voksne blander seg inn.»

Sitat frå ein av elevane.

Mitt tips til andre lærarar er å tørre å gje slepp på den vante kontrollen ein gjerne har i eigne musikktimar. Veslefrikkmetoden er eit supert verktøy å støtte seg til når ein skal komponere!

Elevar ønskjer å vere aktive og deltakande i musikkundervisninga, og dei ønskjer å få bestemme og vere medverkande i avgjersler som gjeld kva undervisninga skal innebere. Når ein komponerer, gjerne med utgangspunkt i Veslefrikk-metoden, legg ein til rette for elevmedverking og skapar rom for opplevingar som mogleggjer deltaking og handling. Ved å komponere får elevar rom til å vere kreative og skapande, dei får rom til å eksperimentere med instrument og andre gjenstandar som lagar lyd, og setje saman lydane til ein komposisjon som dei sjølve har skapt. Elevmedverking til eit komposisjonsprosjekt krev at ein som lærar tør å ta eit steg tilbake frå den vante lærarrolla, og gje slepp på kontrollen ein har til vanleg for å la elevar sleppe til og ta styring over eiga læring. Når elevar får moglegheit til å skape ein komposisjon som gjer ei kjensle av mestring og ikkje minst eigarskap til eige produkt, får ein som lærar oppleve at eit slikt prosjekt er svært verdifullt for elevane. Eigarskapet startar frå fyrste stund – frå å finne eit tema, til å leite etter passande lydar, melodiar, rytmar som passar, og setje alt dette saman til eit komposisjon som dei sjølve har skapt.